LESERINNLEGG

KRITISK: «Askøy kommune kan ikkje fråskriva seg ansvar for vasskvaliteten berre med å senda ut eit kokevarsel», skriv Magne Fromreide.

Ordførar må snarast setja krisestab

Vær snill å ikkje la dette enda opp som ei sak der ein kjeklar om kor mykje eller lite som skal etterbetalast av vassavgifta til abonnentane. Me ber berre om tilfredsstillande vassforsyning.

Publisert

Oksnesvatnet er hovudvassforsyninga til bygdene nord for Åsebø, men slit med å levera reint og nok drikkevatn til abonnentane. Dette er eigentleg ikkje noko nytt. Stadige kokevarslar, samt varslar om vassparing på grunn av kapasitetsproblem, er innbyggjarane i nord etterkvart vande med.

Magne Fromreide

For å testa ut «norrisane» sitt tolmod, kan Askøy kommune på sine nettsider no fortelja, at dette er noko ein berre må leva med. Lekkasjar på leidningsnettet er årsaka til kapasitetsproblema. Utan å ha undersøkt dette nærare, vert det likevel konkludert med at lekkasjane truleg er på det private leidningsnettet. Altså truleg ikkje kommunen sitt problem.

Elles vert det opplyst at nytt vassbehandlingsanlegg ved Oksnesvatnet framleis berre er under testing og vil kanskje verta tatt i bruk til sommaren ein gong. I mellomtida må «norrisane» berre finna seg i å koka drikkevatnet sitt.

Det vert også nemnd at forbrukarane, etter forbrukarkjøpslova, kan ha krav på redusert vassavgift, men presiserer at slike avslag er minimale og berre vil vera avgrensa til kostnaden av den elektriske straumen du må nytta for å koka opp drikkevatnet ditt.

Dette er årsaka til at eg no vender meg til øvste folkevalde leiar i kommunen og spør om det verkeleg er «vaksne på jobb dar sø»?

Dei fleste båtvande askøybuarar vil gjera alt dei kan om dei oppdagar hol i botn av båten sin. Dei færraste vil venta på ei lensepumpe som skal leverast til sommaren ein gong. Innan den tid vil ein kunna oppleva totalt havari.

Slik er det også i denne saka. Askøy kommune kan ikkje fråskriva seg ansvar for vasskvaliteten berre med å senda ut eit kokevarsel. Her må det handling til.

Det er ikkje mange år sidan kommunen måtte setja krisestab etter at vass- og avlaupsetaten over tid, hadde vanskjøtta drifta. Skulle tru ein hadde tatt lærdom av denne hendinga, som enda med dødsfall og sjukdom blant innbyggarane, og der Askøy kommune sat att med ei sur millionbot og vanære.

Her må ein forventa at du ordførar, saman med dei andre folkevalde, snarast må setja krisestab, som beordrar kommunedirektøren til å setja inn nødvendige ressursar til å søkja opp og retta opp i dei påståtte lekkasjane.

Eg vil ikkje gjera dette til ei nord/sør-konflikt, men eg er likevel elles sikker på at dersom ei slik hending hadde råka Kleppestø, med langvarig kokevarsel for skulane på Myrane, helseinstitusjonane ved Helsetunet, barnehagar, samt Kleppestø senter og rådhuset, så hadde ein sett i gang ei rask feilsøking og oppretting.

I nord har me også skular, barnehagar, helseinstitusjon, legesenter, butikksenter, kulturhus og bebuarar som er ramma av denne vasskrisa. Me ønsker slett ikkje å verta diskriminerte eller nedprioriterte. No er tolegrensa vår nådd. Dette finn me oss ikkje i lenger.

Vær snill å ikkje la dette enda opp som ei sak der ein kjeklar om kor mykje eller lite som skal etterbetalast av vassavgifta til abonnentane. Me ber berre om tilfredsstillande vassforsyning.

Her har me tillit til at du ordførar, saman med dei andre folkevalde, tek det ansvaret de er tildelte og ryddar opp, samt gjer kloke prioriteringar for folket på Askøy.

Powered by Labrador CMS