
«Hovudet mitt ropar: La oss leve!
Men du kviskrar tilbake:
Eg klarar ikkje i dag heller.»
Vi var eitt
Vi var eitt, men det var før.
Kroppen og eg.
Så lenge eg hadde deg,
visste eg at eg kunne klare alt.
Du lét meg skinne på fotballbana.
Du tok meg med opp på fjell, og ned bratte bakkar.
Saman, som ei eining.
No ligg vi stille.
Det er ikkje lenger oss, men du og eg.
Du nektar å reise deg,
eg tryglar og ber om at du skal fungere igjen.
Du lukkar auga av utmatting,
og eg ropar av fortviling inni meg.
Eg burde synt deg omtanke.
Gitt deg kjærleik og vist forståing.
Men eg er så sint.
Sint fordi du sviktar meg.
Sint fordi vi ikkje lenger er eitt,
men to som dreg i kvar si retning.
Du var tryggleiken min,
men no er du buret mitt.
Eit bur med lås,
og eg finn ikkje nøkkelen.
Du bestemmer når eg får dusje,
når eg kan vere saman med dei eg er glad i.
Du bestemmer når eg må bli verande i mørket,
og når eg får kjenne sol på huda.
Eg kjenner på ein sorg som nesten er umogleg å bere åleine.
Vi kan ikkje dele han, for vi er to,
så vi ber han kvar for oss.
Kroppen min og eg.
Eg sørgjer over alt du ikkje klarer lenger.
Alt vi saman har mista.
Alt vi ikkje eingong fekk sjansen til å oppleve.
Hovudet mitt ropar: La oss leve!
Men du kviskrar tilbake:
Eg klarar ikkje i dag heller.
Eg prøver å forstå. Eg prøver å lytte.
Men eg er så lei av å vente.
Vi blei to den dagen
du ikkje lenger klarte å bere meg.
To viljer. To lengsler.
Lenka til kvarandre, sjølv når vi dreg i kvar vår retning.
Uansett kva du gjer mot meg,
må eg ta vare på deg.
For du er alt eg har.
Men eg er ikkje alltid snill med deg.
Eg tek ikkje omsyn. Eg pressar deg for hardt.
Eg er lei for det.
Eg leitar etter aksept,
men eg finn han ikkje.
Så vi prøver.
Dag etter dag.
Med stillheit mellom oss, og krangling,
og tunge kompromiss.
Nokre dagar vinn du.
Andre dagar kjempar eg meg framover,
sjølv om du protesterer.
Vi har kanskje ikkje fred,
men vi har på eit vis kvarandre.
Og kanskje, berre kanskje,
kan vi finne ein ny måte å vere eitt på.
Ikkje slik vi eingong var,
men slik vi no må bli.
