LESERINNLEGG

Vi kan faktisk trylle vekk køane til og frå Bergen
Tryllekunsten heiter samkøyring. Det er den mest effektive og samfunnsnyttige måten å kutte i utslepp og trafikkmengd utan å innskrenke mobiliteten!
No går fylket inn for at fleire kommunar kan ta del i samkøyringsprosjektet til Skyss og Nabogo, som i dag er sett i gong i Bergen vest (Askøy og Øygarden).
Om lag ni av ti personbilar i rushtrafikken køyrer i dag utan passasjerar. Om vi i snitt antar tre tomme sete, vert dermed seks bussbillettar for kvar bil med «solopendlarar» kasta ut av vindauget kvar dag.

I morgonrushet passerer mellom seks og åtte tusen personbilar over Sotrabroen, og når 90 prosent av bilførarane køyrer åleine, svarar dei ledige seta til rundt 200 tomme bussar som kunne og burde bli utnytta betre.
Samkøyring er ei vinn-vinn-vinn-løysing, for i tillegg til mindre trafikk og mindre behov for store, nye motorvegprosjekt, er det samstundes økonomisk gunstig for den einskilde og gir auka mobilitet til folk også i distrikt der kollektivtilbodet er dårleg.
I mange tilfelle vil det også kunne auke talet på kollektivreisande: Viss ein har periodebillett hos Skyss, er i dag heile samkøyringsturen gratis, uavhengig av distansen på turen. Det gir månadskortet ein litt høgare verdi, også der det er færre kollektivavgangar.
Pilotprosjektet med samkøyring i samarbeid med Skyss og utviklaren Nabogo har vore ein stor suksess, og eitt år etter lansering er det registrert over 63 000 turar.
I ein nyleg forskingsartikkel som Andreas har bidradd til, ser vi at det framleis kan vere eit uforløyst potensial for å auke graden av samkøyring i vår region, særleg viss dei største arbeidsplassane setter i gong kampanjar for sine tilsette om å køyre meir saman.
Effekten av samkøyring blir betre jo større område som vert inkludert. Tydelege kampanjar og tilpassingar i app og reiseplanleggar kan kople saman pendlarar, spesielt på dei store arbeidsplassane i Bergen og omlandskommunane.
Vi meiner òg at prosjektet må utvidast til å gjelde fleire kommunar i Vestland, for vi er eit folk som har samarbeidet om pendling på små og store steder i mange tiår. La oss inspirere av dette, og la tilrettelegging for samkøyring bli eit satsingsområde for kollektivtransport i fylket vårt!