LESERINNLEGG

ÅTVARAR: MDGs Janne Midtbø åtvarar mot ein arealplan som tek for mykje natur.

Vi har gløymd kva forfedrane lærte oss

Publisert

Strilekultur. Smak på ordet. Kva tenkjer du på når du høyrer det? Ramsalt sjø, måseskrik, fersk, nytrukken pale, eller lubbesild og gode nypoteter? Trekkspelmusikk og ein gammal dieselbåt som tøffar roleg avgarde?

Dei fleste av desse tinga er avhengige av ein intakt natur. Det visste også fiskarbonden som vaks opp langs kysten – ikkje berre strilane rundt Bergen.

Sjølv var eg så heldig å få tilbringe alle somrane mine saman med besteforeldra mine i Vesterålen. Morfar rodde fiske, medan mormor passa heimen og garden. Dei hadde ikkje mykje, men dei greidde seg. Det var særleg éin ting morfar var oppteken av: Du skulle aldri plukke moltekart, for då risikerte du at det ikkje kom molter neste år. Du skulle heller ikkje fiske meir enn du trong. Dei visste at dei måtte spele på lag med naturen, ellers kunne det gå skikkeleg gale. Dei var helt avhengige av det naturen gav dei.

Kvifor skriv eg dette? Jo, fordi det i debatten om arealplanen og framtida til Nordre Askøy ser ut til at vi har gløymd kva forfedrane våre lærte oss.

Eg kjem opphavleg frå Austevoll, og kan derfor ikkje kalle meg stril. Austevoll var meir enn ein dagsreise frå Bergen.

Då eg vaks opp, drog vi til «bydn» på Torgdagen, men det var lite strilekultur å spore utover denne eine dagen i året. Austevoll på 80-talet var prega av rike fiskebåtreiarar og oppdrettarar. Dei var ikkje så opptekne av å leve i pakt med naturen, men av å tene mest mogleg pengar. Den gamle fiskarbonden var alt då ein utdøyande rase. Oppdrettsnæringa vaks for øvrig fram som eit resultat av kollaps i fiskebestandane på grunn av overfiske. Den nye generasjonen hadde gløymd verdien av å hauste med måte.

I dag er det ikkje mykje liv igjen langs kysten vår. Klimaendringar og overfiske av artar som sjøfuglane er avhengige av, som leppefisk og tobis, gjer at skrika frå ternene har blitt sjeldnare. Måsen søkjer inn mot tettbygde strok for å finne mat, og strendene og badeplassane våre blir dekka av uappetittleg lurv.

Vi kan ikkje overlate Nordre Askøy til dei same kreftene som alt har tømt kysten vår for liv. Arealplanen må spegle ein langsiktig tankegang der tålegrensene til naturen set rammene, ikkje kortsiktig vinning. La oss lytte til den gamle lærdomen frå fiskarbonden før det er for seint: Vi må spele på lag med naturen – også når vi planlegg for framtida.

Powered by Labrador CMS