LESERINNLEGG

STORT FREMMØTE: Hovudtema på folkemøtet var vasskrisa på nordre Askøy.

Vassverk på dugnad?

Dugnadsutspelet er eit skjørt tiltak som fort kan rakne utover våren. Difor er det tvingande nødvendig å koma i gang med dei ekstraordinære tiltaka. Noko anna vil opplevast som eit svik.

Publisert

I 1980 gjekk oppsitjarane på Fromreide saman og etablerte Fromreide Private Vassverk på dugnad, – og då meiner eg verkeleg dugnad, der alle måtte bidra.

Magne Fromreide

Dugnaden var lagt opp med ein svært god sosial profil, slik at alle kunne vera med etter evne – sjølv om ein av helsemessige grunnar ikkje kunne delta like aktivt i det fysiske arbeidet. Det høyrer med til historia at me alle kunne drikka vatn frå fellesanlegget allereie året etter og heilt fram til kommunen tok over anlegget i 2022.

Slik kunne eg rekna opp mange dugnadsprosjekt rundt på Askøy – ikkje berre vass- og kloakkanlegg, men også vegprosjekt, samvirkelag, forsamlingshus og mykje anna.

Inspirasjonen til dei aktuelle prosjekta er at det skal gje oss eit rikare liv. Dugnadsånda er ikkje noko ein pålegg folk rundt seg, men ein kan inspirera folk rundt seg til å arbeida saman for fellesskapet. Eit slikt fellesskap gjev den einskilde ein rikare livskvalitet.

Onsdag kveld hadde ordføraren i Askøy, Yngve Fosse, invitert til folkemøte på Fauskanger skule. Hovudtema var vasskrisa på nordre Askøy.

Anton Bø, VA-leiaren i Askøy, innleia møtet med å gå gjennom status for Oksnes vassverk. Med sitt blide åsyn gjorde han eigentleg dette på ein pedagogisk grei måte. Her fekk me etter kvart vita at me tok ut meir enn 100 prosent enn det vassbehandlingsanlegget kunne yta. Difor måtte ureinsa vatn pumpast inn på anlegget, med det resultat at alt drikkevatn måtte kokast.

Slikt kokevarsel har me no hatt i heile mars. Årsaka til det auka forbruket skuldast lekkasjar på heile 50 prosent over estimert forbruk.

VA-etaten planlegg framtidige tiltak for å gjera det lettare å kunne synleggjera lekkasjar, men VA-leiaren kunne bekrefta at det per i dag ikkje er ei ekstraordinær aktiv feilsøking etter slike lekkasjar. Til dette hadde ikkje kommunen kapasitet.

Vidare inviterte VA-leiaren abonnentane under Oksnes vassverk til å vera med på ein dugnad. Denne gjekk ut på at dersom alle greidde å spara ei bøtte vatn per dag, så ville ein kunne oppheva kokevarselet. Gode greier tenkte dei fleste – men kva skulle Askøy kommune sitt bidrag til dugnaden vera, ville nokon av dei frammøtte vita?

Dessverre, ingen ting, kom det frå den blide VA-leiaren. Han var opptatt av at alt ville verta så mykje betre når det nye anlegget ved Oksnes vert teken i bruk. Kor tid dette kunne verta aktuelt, kunne ingen vita – kanskje til juli eller kanskje til hausten. Den som lever får sjå, var konklusjonen.

No veit eg ikkje noko om kva forventningar dei frammøtte hadde til dette møtet. Kva tiltak ordføraren ville setja i verk for å bøta på vasskrisa og oppheva kokevarselet. Ein invitasjon frå ordførar til å gjera ein dugnadsinnsats er heilt sikkert velmeinande, men vert opplevd frekt når ein ikkje vil vera med å yta noko sjølv.

Her pumpar ein ut 50 prosent av alt reinsa vatn frå Oksnes vassverk «rett i havet», med dei enorme straumutgifter dette medfører. Det er ingen planer og aktivt arbeid for å finna ut kor desse lekkasjane er, slik at ein snarast kan retta dei.

Tidlegare i media, men også denne kvelden, forsikra ordføraren oss om at kommunen gjer alt dei kan for å finna og tetta lekkasjane. I møtet fekk me vita at dette er langt frå sanninga. Ingen ekstraordinære tiltak for å søkja opp lekkasjar er satt i verk.

Ordføraren vart også denne kvelden utfordra til å gjera eit politisk val, med å ta styring og setja inn ekstraordinære tiltak for å tetta lekkasjar, slik at ein kunne oppnå nødvendig reinsa vatn til abonnentane frå Oksnes vassverk. Her var han unnvikande og meinte dei gjorde det dei kunne og beklaga situasjonen kommunen var komen opp i.

No veit eg at det var andre politikarar i salen denne kvelden – og dei heldt klokeleg kjeft. Alle skjønar at dette er ei vanskeleg sak. Som politikar vert ein ofte stilt overfor vanskelege og upopulære val, men når ein ikkje tek eit val og samstundes legg alt i hendene på administrasjonen, så mister ein tiltru til dei folkevalde og den oppgåva dei er sett til å utføra.

Her må me snarast få vita kva dei andre politikarane i kommunestyret meiner. Vil de gjera hastevedtak for å setja i gang feilsøking og oppretting av lekkasjane?

I henhold til drikkevassforskrifta har kommunen plikt til å levera reint vatn. Mattilsynet skal sjå til at kommunen utfører denne plikta. Brot på plikta kan medføra at kommunen vert bøtelagt. Sidan vassforsyninga er finansiert med sjølvkost, så er det abonnentane som til sist må betala denne bota.

Dei fleste er heilt sikkert innstilte på å yta sin del i ein dugnad, men alle veit at dugnadsutspelet er eit skjørt tiltak som fort kan rakne utover våren med auka vassforbruk. Difor er det tvingande nødvendig å koma i gang med dei ekstraordinære tiltaka. Noko anna vil opplevast som eit svik.

No skal eg sjølvsagt gje ordføraren ros for å få i stand dette møtet, men det hadde vore ei betre avvikling av møtet med ein ordstyrar og ei meir strukturert møteleiing. Difor gjekk tida fort.

Smittevernlegen var også til stades, men hadde tydelegvis ikkje fått noko rolle i møtet. Det kunne heilt sikkert vore interessant for dei frammøtte å få råd og vegleiing om kva følgjer langvarig kokevarsel vil ha for den fysiske og psykiske helsa til folk. Men nei, dette var eit reint «Anton Bø-show» og ingen ting anna.

Askøypakken stod også på agendaen denne kvelden. Dette er ei såpass viktig sak for Askøy og for framtida til heile nordre Askøy spesielt. Dette temaet hadde fortent eit eige møte. Håpar dette kan ordnast denne våren med ei noko fastare møtestyring.

Powered by Labrador CMS