LESERINNLEGG
Strilekultur som bærande idé
for arealplanen i nord?
I den nye arealplanen står følgjande om Fromreide som lokalsenter i nord:
«Strilekulturen skal gi identitet til videre utvikling av lokalsenter Fromreide, og være bærende idé for utarbeiding av reguleringsplanen.»
Det kjem elles fram i arealplanen at store delar av dei tiltenkte områda for bustad, service og næringsutvikling i den gamle planen, er omgjort til strenge LNF-soner.
Eg har undra meg på kva planleggjarane legg i at strilekulturen skal vera ein bærande idé for utvikling av lokalsenteret. Er dette berre ein floskel, som ein planleggjar kom på i mangel på noko betre?
Her treng eg hjelp frå politikarane våre, som til sjuande og sist skal fatta vedtak om denne planen, kva dei legg i kva strilekultur er.
Først litt fakta om strilane:
I uminnelege tider har bøndene og fiskarar i nærområde til Bergen blitt kalla strilar. Det var dei som forsynte Bergen med fersk mjølk, fisk og andre ferskvarer. Strilen skulle kunne gå eller ro til Bergen og heimatt den same dagen. Sjølv om bergensarane var heilt avhengig av ferskvarene strilane kom til byen med, så vart strilane ofte rekna som folk med lågare status enn byfolket. Strilane sjølve fann seg gjerne i all negativ omtale, sidan dei også var avhengig av å omsetja varene sine på torget i Bergen.
Johannes Kleppevik tok initiativ til Torgdagen og gjorde strilekulturen kjend og etter kvart vart det skikkeleg kuult å vera stril. Mange bergensarar kunne no, utan skam, erkjenna at dei hadde røtene sine laaaaangt ute på «strilelanne».
Tilbake til strilekulturen som skal vera bærande ide for utviklinga i bygda mi:
Om idéskaparane til planen ser for seg folk skal gå rundt på Fromritoppen-senter kledd i torgdagskostyme, veit eg ikkje. Altså utkledd i vadmål og tresko, - sjølvsagt vest og kasjetthuer til gutane, samt stakk, sjal og skaut på hovudet til jentene, - ikkje veit eg.
I gamal tid hadde strilane i mi bygd husvære til heile storfamilien, løe og florshus til buskapen, om dei hadde noko jordeigedom, - men noko som var heilt sjølvsagt for alle, var å ha eige naust i båtstøa, der båten låg trygt, samt god plass til fiskereiskapar.
Er det denne strilekulturen ein vil vidareutvikla? Det får eg ikkje heilt til å harmonera, sidan det er få stader i arealplanen der ein har tilgang til aktivitet innanfor 100-metersbeltet i strandsona. For oss strilar kjennest det mest praktisk å ha nausta ved sjøen.
Vonde tunger vil ha det til at det skal etablerast eit «reservat» for ein utdøyande folkerase her, - altså strilane, - dei som snakkar og oppfører seg litt løye og som kan vera kjekt å syna fram om det skulle koma storfolk til kommunen? Dette trur eg neppe har vore intensjonen i planen.
Eg har heller betre tru på at det er politikarar som har betre kunnskap og kjennskap til den nye arealplanen enn eg, så eg vil difor utfordra dei ymse partia til å koma på banen å sei kva dei vil med bygdene her nord. Denne planen skal vera i minst ti år framover. Det er nytt kommuneval til neste år, så me må allereie no få vita kva dei einskilde partigruppene legg i at strilekulturen skal gje identitet til lokalsenteret på nordre Askøy.
Ser fram til gode og grundige svar.