PÅ KAFÉ MED FOSSE: Linda Eide og andre Fosse-kjennarar nemde debutboka «Raudt, Svart» som ein grei start.

Mi Fosse-reise

Eg skulle jaggu lesa Jon Fosse, visst faen skulle eg det. Eg ville byrja med debuten. Punktum. Stor forbokstav. Komma. Det passa meg fint. Dessutan fann eg tematikken interessant.

Publisert Sist oppdatert
TIPS: Marianne Hansen er Askøy24s bokanmelder.

Vi går ikkje så langt attende Jon Fosse og eg. Då debutromanen «Raudt, Svart» kom i 1983, var eg tolv år og oppteken av heilt andre sysler, så eg la liksom ikkje merke til den tolv år eldre Jon Fosse. 

Seinare knytte eg namnet til ein forfattar som hadde fått ei særs flott skrivestove ved Slottsparken, også omtala som Grotten.

Dette skulle eg lese!

Det har kome mange høve til at eg kunne ha oppsøkt Fosse sine tekstar, men dei har «berre glidd forbi». Blesten rundt «Septologien» vekte meg, og på den tida arbeidde eg i bibliotek. Dette skulle eg lese! Eg skulle ikkje la meg skremme av null punktum og berre små bokstavar, hallo liksom, eg er oppteken av kunst.

Eg lånte den første boka, «Det andre namnet», og las nokre sider. Så fekk eg det føre meg at det ville vera enklare å høyre historia som lydbok. Eg hugsar eg sat på bussen, ikkje mot Strandebarm, men i nærleiken. Vegane er svingete, smale og med telehiv. Det gynga og vogga, eg duppa, eg spola og duppa på ny. Det gjekk ikkje så godt. 

Hausten 2023 la eg merke til at Linda Eide skulle leie programposten «Fosse for dumskallar» på Litteratursymposiet i Odda. Eg var snar å tinga billett, dette var lovande. Fosse-interessa vart vekt på ny.

Gåsehud frå nynorske hårrøter

Det var ikkje noko minus at arrangementet meir eller mindre var synkronisert med utdelinga av Nobelprisen i litteratur. Og Jon, for no er vi vel nesten på førenamn, delte raust prisen med nynorsken. Gåsehud reiste seg frå nynorske hårrøter på haustbleike armar, og jubelen braut laus over det ganske land. 

DEBUTROMANEN:

Eg skulle jaggu lesa Jon Fosse, visst faen skulle eg det. Eide og andre Fosse-kjennarar nemde «Stengd gitar» og debutboka «Raudt, Svart» som ein grei start. Eg ville byrja med debuten. Punktum. Stor forbokstav. Komma. Det passa meg fint. Dessutan fann eg tematikken interessant. 

Vi møter ein gymnasiast på ein hybel. Han skulle vore på skulen, men er på hybelen, borte i si eiga fortviling. Tidleg kjenner eg at denne guten, denne ungdommen, ber på eit trass, eit sinne. Eg blir freista å finne ut kvifor.

«Dette ordknappe som likevel rommar så mykje»

Husverten, ei eldre kvinne, har hengt opp ein lapp på døra hans at han må ringa heim. Han vil ikkje ringa heim. Han bestemmer seg for å reisa heim. Reisa med ferja over fjorden, ta bussen til siste haldeplassen og gå den siste kilometeren inst i dalen. Han vil ikkje reise heim, han reiser heim. Han reiser heim og vi fylgjer han på turen. Fleire gonger er han freista til å snu. 

Han vil ikkje reise heim, han reiser heim. Han reiser heim og vi fylgjer han på turen.

I starten av boka syns eg det repetitive i språket er ei aning keisamt, ein tanke irriterande, men så har det ein klang i seg, noko taktfullt som dreg meg vidare og vidare inn i historia. Dei små drypa gjennom tankane til ungdommen får meg til å verta nyfiken på kven dei er i denne familien og kva dei ber med seg. Og kven er ungdommen i møte med dei andre?

Brit Bildøen seier det godt: «Han har verkeleg sett tonen for oss vestlendingar. Dette ordknappe som likevel rommar så mykje. Kontrasten mellom det smålege surret vi går med i hovuda alle mann, og dei store spørsmåla. Liv og død, lys og mørke. Og så det evige regnet, da.» (Norsk Tidend, 5. desember 2023).

Om du vil lesa andre hardingar som kling litt på same viset, vil eg føreslå «Oskespiralen» av Leander Djønne, «Eitranes» av Lars Ove Seljestad eller «Den dagen Nils Vik døde» av Frode Grytten. 

Powered by Labrador CMS