KJEM TIL KIPO: - Betre farsdagspresang finn du ikkje i år, oppmodar Helge Riise. Biletet er frå konserten i Åsane kulturhus 12. april.

Farsdagskonsert med Olav Stedje

Olav Stedje og Hjelmåskarane lovar ein flott kombinasjon av vestlandsk identitet og norsk bygdekultur når dei held konsert i Kipo i byrjinga av november.

Publisert

Det er over 45 år sidan sogndølingen Olav Stedje slo gjennom med «Vi vandrar saman (eg følgjer der du går)», ein song som sidan har vore avspela og framførd i tallause bryllup.

På farsdagen 8. november står han på scena i Kipo saman med mannskoret Hjelmåskarane frå Seim. 

- Hugs å ta far med på konsert! Betre farsdagspresang finn du ikkje i år, oppmodar korets faste dirigent Helge Riise – som vil leia det heile frå det praktfulle Steinway-flygelet i KIpo.

- Dette blir ein flott kombinasjon av vestlandsk identitet og norsk bygdekultur som mange vil kjenna seg att i – anten ein bur på kysten eller inne i landet, seier styremedlem i koret, Per Vetaas.

På konserten har dei med seg musikarane Henning Hodne Mjanger (gitar), Bjørn Breilid (bass) og Ole Feste (trommer).

Powered by Labrador CMS